Når Trygderetten har fått anken din, blir det sendt ei stadfesting til deg anten via digital postkasse eller vanleg post.

Anken din blir sendt inn til Trygderetten av instansen som fatta vedtaket du vil anke.

Trygderetten behandlar deretter anken din, og informerer deg på same måte når anken er ferdigbehandla.

Saksbehandlingstida i Trygderetten varierer. Trygderetten vil normalt prioritere å behandle dei eldste sakene først. Saksbehandlingstida blir påverka av mellom anna kor mange saker som kjem inn, kor omfattande og av kva art ei sak er, korleis retten er sett saman og kva ressursar som er tilgjengelege hos Trygderetten.

Saker som omhandlar uføretrygd og arbeidsavklaringspengar vil ofte krevje at retten blir sett med både medisinsk- og attføringskyndig rettsmedlem. I desse sakene vil saksbehandlingstida difor vere litt lengre.

Du kan lese meir om saksbehandlingstid her.