Trygderetten er eit domstolsliknande og uavhengig organ som behandlar saker om trygd og pensjon.
Les meir om oss eller ta kontakt.

Slik anker du til Trygderetten

Bilete

Du har fått eit vedtak frå NAV Klageinstans, Helseklage, Statens Pensjonskasse eller ein annan pensjonskasse som du ikkje er einig i.

Les meir
Bilete

Du kan anke vedtaket til Trygderetten ved å sende det inn til instansen som fatta vedtaket (til dømes NAV Klageinstans). Instansen sender anken vidare til Trygderetten.

Les meir
Bilete

Trygderetten mottar din anke, og anken behandlas av Trygderettens dommarar.

Les meir
Bilete

Du mottar eit brev i posten eller i din digitale postkasse når anken er ferdig behandla.

Les meir

Ofte stilte spørsmål

Nei. Trygderetten er eit domstolliknande forvaltingsorgan som skal treffe avgjerder om rettane som ein enkeltperson har til trygd og pensjon. Sjølv om Trygderetten ikkje er ein domstol i vanleg forstand, er det ein uavhengig instans som ikkje kan instruerast av eit anna organ.

Trygderetten kan ikkje svare verken for saksbehandlingstida hos NAV eller for saksbehandlinga eller vurderingane som NAV har gjort.

Det kostar i prinsippet ingenting å anke inn ei sak inn for Trygderetten, men viss du vel å bruke advokat, kan du pådra deg utgifter knytt til dette (sjå nedanfor).

Trygderetten skal sørgje for eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag, og det er ikkje nødvendig å bruke advokat. Det er viktig at du gir opplysningar som er relevante for saka, og klargjer synspunkta dine så godt som råd. Dersom du ønskjer det, kan du bruke advokat som prosessfullmektig, eller gi ein annan person fullmakt til å representere deg i saka for Trygderetten.

Dersom du bruker advokat, må du i utgangspunktet betale rekninga sjølv.

Viss du får medhald i anken, har du krav på å få dekt nødvendige utgifter til prosessfullmektig. Viss salærkravet til advokaten er høgare enn det retten ser på som nødvendig, vil du berre få dekt delar av kostnadene.

Vinn du ikkje fram med anken, vil du etter søknad kunne få dekt utgifter til advokat eller rettshjelpar gjennom ordninga med fri rettshjelp. Ordninga opererer med inntekts- og formuegrenser, og det blir normalt sett ikkje gitt unntak frå desse. Når du kontaktar advokat eller rettshjelpar, vil vedkomande vurdere om du kvalifiserer for fri sakførsel, og kan sende ein eventuell søknad for deg. Mange advokatar vil tilby deg ei gratis vurdering av eller ein samtale om saka di, og om du kvalifiserer til fri sakførsel. Du kan lese meir om ordninga her

Dersom du vil trekkje anken din, kan du skrive eit brev om dette som du skriv under på og sender til Trygderetten anten digitalt via eDialog eller per post. Du treng ikkje skrive meir enn at du trekkjer anken. Du finn eDialog her.