Vanlege spørsmål til Trygderetten

Nei. Trygderetten er eit domstolliknande forvaltingsorgan som skal treffe avgjerder om rettane som ein enkeltperson har til trygd og pensjon. Sjølv om Trygderetten ikkje er ein domstol i vanleg forstand, er det ein uavhengig instans som ikkje kan instruerast av eit anna organ.

Trygderetten kan ikkje svare verken for saksbehandlingstida hos NAV eller for saksbehandlinga eller vurderingane som NAV har gjort.

Det kostar i prinsippet ingenting å anke inn ei sak inn for Trygderetten, men viss du vel å bruke advokat, kan du pådra deg utgifter knytt til dette (sjå nedanfor).

Trygderetten skal sørgje for eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag, og det er ikkje nødvendig å bruke advokat. Det er viktig at du gir opplysningar som er relevante for saka, og klargjer synspunkta dine så godt som råd. Dersom du ønskjer det, kan du bruke advokat som prosessfullmektig, eller gi ein annan person fullmakt til å representere deg i saka for Trygderetten.

Dersom du bruker advokat, må du i utgangspunktet betale rekninga sjølv.

Viss du får medhald i anken, har du krav på å få dekt nødvendige utgifter til prosessfullmektig. Viss salærkravet til advokaten er høgare enn det retten ser på som nødvendig, vil du berre få dekt delar av kostnadene.

Vinn du ikkje fram med anken, vil du etter søknad kunne få dekt utgifter til advokat eller rettshjelpar gjennom ordninga med fri rettshjelp. Ordninga opererer med inntekts- og formuegrenser, og det blir normalt sett ikkje gitt unntak frå desse. Når du kontaktar advokat eller rettshjelpar, vil vedkomande vurdere om du kvalifiserer for fri sakførsel, og kan sende ein eventuell søknad for deg. Mange advokatar vil tilby deg ei gratis vurdering av eller ein samtale om saka di, og om du kvalifiserer til fri sakførsel. Du kan lese meir om ordninga her

Dersom du vil trekkje anken din, kan du skrive eit brev om dette som du skriv under på og sender til Trygderetten anten digitalt via eDialog eller per post. Du treng ikkje skrive meir enn at du trekkjer anken. Du finn eDialog her.

Du vil få brev, anten i den digitale postkassa di eller som vanleg post, når saka di er motteken og deretter når ho er ferdigbehandla hos Trygderetten.

Trygderetten vil sjølv ta kontakt ved behov for ytterlegare opplysningar.

Viss du har spørsmål undervegs, kan du sende oss eit brev eller ta kontakt via sentralbordet. Vi gjer merksam på at sensitive opplysingar ikkje bør sendast per e-post. Bruk i staden eDialog.

Dersom du ikkje får medhald i Trygderetten, kan du bringe inn saka for lagmannsretten. I dette tilfellet bør du rådføre deg med ein advokat for å få ein peikepinn på kor gode sjansar du har til å vinne fram. Tap i lagmannsretten vil som hovudregel føre til at du må dekkje både dine eigne og motparten sine sakskostnader.

Dersom du meiner at forvaltinga har gjort formelle feil i behandlinga av saka di, kan du også klage kostnadsfritt til Sivilombodet. Du kan lese meir om dette her.

Dersom det ligg føre nye opplysningar som kan føre til eit anna resultat i ei avsagd rettsavgjerd i Trygderetten, kan du krevje at saka blir teken opp att. Eit slikt krav skal rettast til instansen som fatta vedtaket du bringa inn for Trygderetten. Fristen er seks månader frå du blei kjend med forholdet som kravet byggjer på. Kontakt NAV eller pensjonskassa som har behandla saka di, viss du lurer på å få saka di teken opp att

Dersom du er usamd i eit vedtak du har fått frå NAV Klageinstans, Helseklage eller ei pensjonsinnretning (t.d. SPK og KLP), kan du anke vedtaket til Trygderetten.

Før du kan anke ei sak vidare til Trygderetten, må du ha nytta alle klagemoglegheitene som finst i den aktuelle institusjonen/instansen. Dersom du til dømes har søkt om dagpengar frå NAV Arbeid og ytingar og fått avslag, må du først klage på vedtaket til NAV Klageinstans. Først når NAV Klageinstans har behandla klagen, kan du gå vidare til Trygderetten.

Ein anke til Trygderetten skal normalt sett leverast til instansen (som regel NAV Klageinstans) som fatta vedtaket du er usamd i. Den aktuelle instansen bringer deretter anken vidare til Trygderetten.

Saksbehandlingstida i Trygderetten varierer. Per i dag ligg saksbehandlingstida i gjennomsnitt på åtte til ti månader. Ein del saker tek lengre tid, og det er vanskeleg å seie noko på førehand om når ei sak vil bli avgjort. Trygderetten vil normalt prioritere å behandle dei eldste sakene først. Saksbehandlingstida blir påverka av mellom anna kor mange saker som kjem inn, kor omfattande og av kva art ei sak er, korleis retten er sett saman og kva ressursar som er tilgjengelege hos Trygderetten.

Saker som omhandlar uføretrygd og arbeidsavklaringspengar, vil ofte krevje at retten blir sett med både medisinsk- og attføringskyndig rettsmedlem. I desse sakene vil saksbehandlingstida difor vere litt lengre.

Les meir om saksbehandlingstid her