I Trygderetten jobbar vi tett på tvers av ulike faggrupper for å treffe dei rette avgjerdene i ankesakene vi behandlar. Vi har eit sterkt juridisk fagmiljø og jobbar kontinuerleg med intern kompetanseheving.

Her finn du informasjon om dei ulike stillingstypane i Trygderetten og  eventuelle stillingar som er lyste ut.

Ledige stillingar

StillingSøknadsfrist
Avdelingsleder/jurist Trygderetten

Direktør for HR og organisasjonsutvikling
12. november 2021

12. november 2021

Stillingstypar i Trygderetten

Ein juridisk kyndig rettsmedlem er dommar når Trygderetten behandlar ankesaker. Han administrerer ankesaka og leier den enkelte rett, som består av to, tre eller fem dommarar. Vedkomande førebur saka, har kontakt med partane i saka, skriv utkast til rettsavgjerd og innarbeider innspel frå meddommar. Ein juridisk kyndig rettsmedlem er dessutan meddommar i ankesaker som først og fremst inneheld juridiske problemstillingar. Desse utgjer rundt 30 prosent av sakene i Trygderetten. Det blir stilt krav om at juridisk kyndig rettsmedlem har norsk statsborgarskap og juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap.

Ein medisinsk kyndig rettsmedlem er, på line med juridisk kyndig rettsmedlem (jurist), dommar når Trygderetten behandlar ankesaker. Retten blir i den enkelte sak sett med to, tre eller fem rettsmedlemmar. Medisinsk kyndig rettsmedlem tek del i om lag 70 prosent av sakene. Ein medisinsk kyndig rettsmedlem har eit særleg ansvar for å ta stilling til bevis av medisinsk karakter. Det blir stilt krav om at medisinsk kyndig rettsmedlem har norsk statsborgarskap og autorisasjon som lege i Noreg.

Ein attføringskyndig rettsmedlem er, på line med juridisk kyndig rettsmedlem (jurist), dommar når Trygderetten behandlar ankesaker. Retten blir i den enkelte sak sett med to, tre eller fem rettsmedlemmar. Attføringskyndig rettsmedlem deltek i rundt 35 prosent av sakene. Ein attføringskyndig rettsmedlem har eit særleg ansvar for å ta stilling til bevis av attføringsmessig art. Ein attføringskyndige rettsmedlemmar har god innsikt i arbeidsmarknaden og tiltaksapparatet. Det blir stilt krav om at attføringskyndig rettsmedlem har norsk statsborgarskap.

Ein rettsfullmektig er jurist med fullmakt til å avseie rettsavgjerder. I likskap med juridisk kyndig rettsmedlem administrerer dei ankesaker og er også meddommarar. Stillinga som rettsfullmektig er ei opplæringsstilling og dekkjer kravet til arbeidspraksis og prosedyre for advokatløyve. Det blir stilt krav om norsk statsborgarskap og juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap.

Administrasjonsavdelinga har ansvar for den administrative drifta av Trygderetten, som personalforvalting, økonomiforvalting, IKT og arkiv- og kontortenester.