Ein anke til Trygderetten må sendast inn via instansen som fatta vedtaket du ønskjer å få overprøvd i Trygderetten. Du kan ikkje sende anken direkte til Trygderetten..

Slik anker du til Trygderetten

Bilete

Du har fått eit vedtak frå NAV Klageinstans, Helseklage, Statens Pensjonskasse eller ein annan pensjonskasse som du ikkje er einig i.

Les meir
Bilete

Du kan anke vedtaket til Trygderetten ved å sende det inn til instansen som fatta vedtaket (til dømes NAV Klageinstans). Instansen sender anken vidare til Trygderetten.

Les meir
Bilete

Trygderetten mottar din anke, og anken behandlas av Trygderettens dommarar.

Les meir
Bilete

Du mottar eit brev i posten eller i din digitale postkasse når anken er ferdig behandla.

Les meir

Slik ankar du

Dersom du er usamd i eit vedtak du har fått frå NAV Klageinstans, Helseklage eller ei pensjonsinnretning (t.d. SPK og KLP), kan du anke vedtaket til Trygderetten. Du kan her lese meir om korleis du ankar eit vedtak frå NAV Klageinstans.

Før du kan anke ei sak vidare til Trygderetten, må du ha nytta alle klagemoglegheitene som finst i den aktuelle institusjonen/instansen. Dersom du til dømes har søkt om dagpengar frå NAV Arbeid og ytingar og fått avslag, må du først klage på vedtaket til NAV Klageinstans. Først når NAV Klageinstans har behandla klagen, kan du gå vidare til Trygderetten.

Ein anke til Trygderetten skal normalt sett leverast til instansen (t.d. NAV Klageinstans) som fatta vedtaket du er usamd i. Den aktuelle instansen sender deretter anken vidare til Trygderetten.

Skal du anke eit vedtak frå NAV Klageinstans? Les meir her.

Skal du anke eit vedtak frå Statens pensjonskasse (SPK)? Les meir her.

Skal du anke eit vedtak frå Kommunal landspensjonskasse (KLP)? Les her.

Skal du anke eit vedtak frå Helseklage? Les meir her.

Les meir om korleis ankeprosessen fungerer her.