Her finn du informasjon om ankeprosessen og dei juridiske rammane rundt arbeidet til Trygderettens.

Vedtak som NAV Klageinstans, Helseklage eller ein pensjonsordning har fatta om offentleg tenestepensjon, kan ankast til Trygderetten.

Anke på vedtak om offentleg tenestepensjon skal leverast til Statens pensjonskasse (SPK), Kommunal landspensjonskasse (KLP) eller ei kommunal pensjonskasse, som deretter sender anken vidare til Trygderetten.

Vedtak frå NAV og Helseklage kan ikkje ankast til Trygderetten før alle interne klagemoglegheiter er nytta. Pensjonskassane har ikkje ein tilsvarande intern klageinstans.

Instansen som har gjort vedtaket, pliktar å informere den private parten både om klagemoglegheitene i organisasjonen og om eventuell vidare anke til Trygderetten.

Enkelte avgjerder er av ein slik art at dei ikkje kan ankast til Trygderetten. Instansen som har teke avgjerda, kan gi nærare informasjon om dette.

Den som ankar inn ei sak for Trygderetten, blir kalla den ankande part. Dette kan til dømes vere den som har fått avslag på ei yting frå NAV eller SPK, og som ikkje er samd i avslaget.

Den som har fatta vedtaket, til dømes NAV eller SPK, blir kalla ankemotparten.

Ankefristen er 6 veker frå motteke vedtak. Fristen blir praktisert strengt. Dersom ankefristen har gått ut, blir anken normalt avvist, noko som inneber at han ikkje blir behandla. Fristen blir rekna frå det tidspunktet den private parten får skriftleg melding om vedtaket, høvet til anke og ankefrist.

Behandlinga i Trygderetten er i hovudsak skriftleg. Saka blir avgjort på grunnlag av den skriftlege framstillinga som partane har gitt, og av dei andre dokumenta i saka, slik desse ligg føre når retten avgjer saka.

Retten skal sørgje for å ha eit tilstrekkeleg og forsvarleg faktisk grunnlag til å avgjere saka. Retten kan innhente opplysingar som blir rekna som nødvendige for avgjerda, dersom saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst.

Retten kan prøve alle sider av saka og sjølv treffe realitetsavgjerd. Avgjerda kan gå utover påstandane til partane dersom det er til gunst for ankande part, og er heller ikkje bunden av argumentasjonen til partane. På den andre sida skal partane ha høve til å uttale seg dersom det er aktuelt å avgjere saka på grunnlag av forhold det ikkje er gått inn på i vedtaket eller anken.

Avgjerdene som Trygderetten tek, bli kalla rettsavgjerder. Rettsavgjerder skal grunngjevast som dommar.

For saksbehandlinga i Trygderetten gjeld lova om anke til Trygderetten (trygderettslova) av 16. desember 1966 nr. 9. Lova om behandlingsmåte i forvaltingssaker (forvaltingslova) av 10. februar 1967 gjeld ikkje.

I Trygderetten blir kvar enkelt sak fordelt til ein administrator. Administrator er alltid jurist (juridisk kyndig rettsmedlem eller rettsfullmektig). Trygderetten har også faste medisinske og attføringskyndige rettsmedlemmar. Medisinsk kyndige medlemmar skal ha autorisasjon som lege.

Ein rettsmedlem kan samanliknast med ein dommar ved dei alminnelege domstolane. Ein rettsfullmektig er tilsett på åremål, og kan samanliknast med ein dommarfullmektig i tingretten.

Saker som gjeld reint juridiske spørsmål, til dømes utrekning av pensjon, blir berre behandla av juridisk kyndige rettsmedlemmar.

Mange av sakene som i Trygderetten, reiser bevismessige spørsmål om helseforholda og/eller arbeidsevna til ein person. I slike saker vil retten ofte være sett saman av ein medisinsk og/eller ein attføringskyndig rettsmedlem, i tillegg til administrator.

Fleirtalet av sakene i Trygderetten blir sette med to rettsmedlemmar. Dersom desse er usamde eller usikre på resultatet, blir det trekt inn ein tredje rettsmedlem. Retten kan også i andre spesielle tilfelle setjast med tre rettsmedlemmar.

I særlege tilfelle blir retten sett med fem medlemmar. Dette blir berre gjort i saker som reiser prinsipielle spørsmål og der ein går ut frå at avgjerda til retten kan bli bestemmande for praksisen på eit saksområde. Det er leiaren for Trygderetten som avgjer om retten skal setjast med fem medlemmar.

Ankebehandling i Trygderetten er kostnadsfri.

Retten som behandlar saka, har ansvar for at denne blir tilstrekkeleg opplyst. Den kan også gå utanfor påstandane og argumentasjonen til partane når dette er til gunst for den ankande parten. Det er ikkje nødvendig å bruke advokat ved anke til Trygderetten. Mange vel likevel å bruke advokat. Kostnader til advokat kan berre bli dekte dersom ein får medhald i anken. Viss ein ikkje får medhald, vil ein i enkelte tilfelle likevel kunne få dekt kostnadene til advokat gjennom ordninga med fri rettshjelp.

Den som ønskjer rettsleg prøving av ei rettsavgjerd frå Trygderetten, må reise søksmål for lagmannsretten i lagdømet der den ankande parten har sitt alminnelege verneting. Sjå heimesida til domstolane for meir informasjon.

Fristen for søksmål er seks månader frå det tidspunktet parten får rettsavgjerda frå Trygderetten. Søksmålet skal rettast mot organet som var ankemotpart i saka for Trygderetten. Dersom NAV var ankemotpart, skal søksmålet rettast mot Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Lagmannsretten kan prøve om rettsavgjerdene til Trygderetten er lovlege. Dette inneber at lagmannsretten kan overprøve saksbehandlinga, rettsbruken og bevisvurderinga til Trygderetten. Dersom lagmannsretten meiner at rettsavgjerda til Trygderetten er feil, blir denne kjend ugyldig. Saka blir då send tilbake til NAV, eller ein anna ankemotpart, for ny behandling. Lagmannsretten kan ikkje treffe eit nytt realitetsvedtak.

Anken skal setjast fram for instansen som har fatta vedtaket - ankemotparten. Anken skal altså ikkje sendast direkte til Trygderetten. Årsaka er at instansen som har fatta vedtaket, skal få høve til å vurdere saka på nytt og eventuelt gjere om vedtaket. Det er også ankemotparten som førebur anken for Trygderetten.

Anke kan setjast fram skriftleg og munnleg. Ved skriftleg anke held det at du skriv eit brev der du opplyser kva vedtak du vil anke på og kva endring du krev i vedtaket. Namnet ditt, fødselsdatoen din og adressa di skal gå fram av brevet. Anken må vere underteikna. Ved munnleg anke må du møte opp på kontoret til instansen som fatta vedtaket. Sistnemnde vil då sørgje for å setje opp anken skriftleg og skrive under på han saman med deg. Anken bør også grunngjevast. Dette inneber at du seier noko om kva du meiner er feil ved vedtaket og kvifor. Det er viktig at anken blir levert innan fristen. Grunngjevinga kan utdjupast seinare.

NAV har eigne ankeskjema du kan nytte viss du ønskjer det. Du finn desse på heimesidene til NAV.

Dersom vedtaket ikkje blir gjort om, men blir ståande uendra etter at vedkomande instans har vurdert saka på nytt, vil ankemotparten sende saka til Trygderetten saman med eit oversendingsbrev som presenterer grunngjevinga og synspunkta til den ankande parten og ankemotparten. Den ankande parten skal få ein kopi av brevet og høve til å kommentere det.

Når Trygderetten har fått saka, blir informasjon om dette og saksgangen vidare sendt til den ankande parten. Først etter at saka er komen til Trygderetten, kan Trygderetten kontaktast for eventuelle spørsmål.

Dersom du vurderer å anke og er usikker på korleis det skal gjerast, bør du snarast mogleg kontakte instansen som har fatta vedtaket. Som det går fram over, er det viktig at ankefristen blir halden.