Trygderetten er eit domstollignende og uavhengig forvaltningsorgan organisert under Arbeids- og sosialdepartementet (ASD). Trygderetten er ikke ein del av NAV-systemet.

Oppgåva til Trygderetten er å behandle anker over vedtak om enkeltpersonar sin rett til trygdeytingar og pensjonar. Sakene gjeld rettar og plikter etter lov om folketrygd, barnetrygd og krigspensjon, samt offentlege tenestepensjonsordningar. Trass i at han ikkje er ein del av det ordinære domstolsapparatet, fungerer Trygderetten i realiteten som ein spesialdomstol. For at det skal kunne gjerast ei rettsleg prøving av rettsavgjerda frå Trygderetten, må det leverast inn stemning til lagmannsretten.

Sakene som Trygderetten behandlar, har ofte store konsekvensar for velferda til den enkelte. I eit rettstryggleiksperspektiv er det difor viktig at Trygderetten avgjer sakene innan rimeleg tid og på ein forsvarleg og tillitsvekkande måte. Avgjerdene som Trygderetten tek, er bindande for partane i saka. I tillegg vil dei kunne vere retningsgivande for NAV, Helseklage, offentlege pensjonsorningar og andre rettsbrukarar innanfor trygde- og pensjonsretten.

For saksbehandlinga hos Trygderetten gjeld lova om anke til Trygderetten (trygderettslova).

Meir enn 90 prosent av sakene Trygderetten behandlar, gjeld vedtak etter folketrygdlova. Det store fleirtalet av desse er vedtak frå NAV Klageinstans.

Trygderetten behandlar dessutan saker som gjeld retten til offentleg tenestepensjon, og prøver vedtak som Statens pensjonskasse, Kommunal Landspensjonskasse og andre pensjonskassar og -orningar har fatta.

Ein anke til Trygderetten skal setjast fram for instansen som fatta det vedtaket ein ønskjer å få prøvd for Trygderetten (som regel NAV Klageinstans). Denne instansen førebur ankesaka og sender henne til Trygderetten.

Ein kan anke utan advokathjelp og utan kostnader i form av rettsgebyr.

Du finn meir informasjon om dette i trygderettslova og i føresegnene om klage og anke i trygdesaker i folketrygdlova § 21‑12 .

Saksområde

Trygderetten behandlar saker på ei rekkje ulike område, mellom anna:

•            Uføretrygd

•            Arbeidsavklaringspengar

•            Yrkesskade

•            Sjukepengar

•            Dagpengar ved arbeidsløyse

•            Grunnstønad og hjelpestønad