OM TRYGDERETTEN

Trygderetten har som oppgåve å behandle anker over vedtak om enkeltpersonar sin rett til pensjonar og andre trygdeytingar. Sakene gjeld rett og plikt etter lov om folketrygd, barnetrygd og krigspensjon, og offentlege tenestepensjonsordningar. Trygderetten fungerer i realiteten som en spesialdomstol, sjølv om den ikkje er en del av det ordinære domstolsapparatet. I praksis er Trygderetten ofte siste instans for behandling av krav om pensjonar eller andre trygdeytingar. Eit formål er å sikre særleg høg grad av rettstryggleik i desse sakene.  Trygderettens avgjerder kan overprøvast av lagmannsretten. Trygderetten behandlar ankesaker frå hele landet. Lokala ligg i Oslo og vi disponerer omlag 65 årsverk. Leiaren, nestleiaren og i underkant av 20 faste rettsmedlemmer er juristar. Omlag 8 faste rettsmedlemmer har medisinsk- eller attføringsfaglig kompetanse. I tillegg er det tilsett 12-14 rettsfullmektigar. Trygderetten er delt inn i fem avdelingar, ei administrativ- og fire fagavdelingar. Fagavdelingane behandlar alle typar saker. Rett blir vanlegvis sett med to eller tre dommarar (rettsmedlemmer/rettsfullmektigar), alt etter kva saka gjeld.

TRYGDERETTENS MÅLSETTING

Trygderetten skal;

  • Behandle og avgjere saker etter lov om anke til Trygderetten
  • Ta riktige avgjerder i tråd med gjeldande lover og reglar
  • Avgjere sakene innan rimelig tid
  • Ta avgjerder som er rettleiande for NAV, Helseklage, pensjonskassane og andre rettsbrukarar innan trygde- og pensjonsretten
  • Behandle og avgjere saker på en slik måte at det gir tillit

SAKSTYPAR

Trygderetten tar stilling til anker over vedtak som er gjort av NAV eller offentlege pensjonskassar. De største saksområda er;

  • Uførepensjon
  • Yrkesskade
  • Grunnstønad og hjelpestønad
  • Dagpengar under arbeidsløyse
  • Arbeidsavklaringspengar
  • Sjukepengar
  • Krigspensjon
  • Stønad til hjelpemiddel -f.eks. bil
  • Pensjon fra Statens pensjonskasse
  • Pensjon frå kommunale-og fylkeskommunale pensjonskassar
  • Tilbakekreving av feilutbetalte ytingar

SAKSGANG

Reglar om korleis Trygderetten behandlar saker er gitt i lov av 16. desember 1966 nr. 9 om anke til Trygderetten.

Eit vedtak om trygd eller pensjon kan ankast til Trygderetten etter at saka er endelig behandla i den etaten som har gjort vedtaket. Det vil seie ein klagerett til eit overordna organ må være brukt først. Fristen for å anke til Trygderetten er seks veker frå du har mottatt melding om vedtaket. Ein anke skal settast fram skriftleg eller munnleg til ditt NAV-kontor eller din pensjonskasse. Dersom du set fram en munnleg anke, skal kontoret hjelpe til med å sette opp en skriftleg anke. Før saka blir sendt til Trygderetten, skal den institusjon som har gjort vedtaket du ankar over, førebu ankebehandlinga. Det skal gjerast en ny prøving av saka. Du vil få en kopi av den nye saksutgreiinga, og du får høve til å uttale deg. Saksbehandlinga i Trygderetten startar først etter at saka er mottatt i Trygderetten. Du, eller din prosessfullmektig - dersom du har det, vil få skriftlig melding frå oss om at saken er mottatt.

SAKSBEHANDLINGA I TRYGDERETTEN

Saksbehandlinga er i all hovudsak skriftlig. Alle dokumenta i saka følger med under behandlinga. Retten skal syte for at saka er tilstrekkeleg opplyst. Retten avgjer sakene med vanleg fleirtal i ei grunngjeven avgjerd. Retten kan gi ei heilt kort grunngjeving dersom den samrøystes finn at anken ikkje kan føre fram, og at avgjerda ikkje vil ha noko å seie for andre saker. Ved behandlinga i Trygderetten dei siste åra har 13-16 % av vedtaka blitt endra til fordel for den ankande parten. Mellom 8-10 % av vedtaka har blitt oppheva og sendt til ny behandling i forvaltninga. Behandlinga i Trygderetten er gebyrfri.

SAKSBEHANDLINGSTID

Trygderetten tek om lag 3 500 avgjerder i året. Behandlingstida varierer noko for ulike sakstypar. Trygderetten har som mål at de fleste ankesakene skal vere ferdig behandla innan seks månader. I periodar kan saksbehandlingstida likevel bli opp til ni månader. Dette kan skuldast stor saksinngang eller at det må hentast inn meir opplysningar i saka. Du vil bli nærare orientert dersom saksbehandlingstida blir meir enn ni månader. Saker skal ikkje ta lengre tid enn 12 månader, om Trygderetten kan påverke framdrifta.

FRI RETTSHJELP

Du har rett til å få hjelp av en prosessfullmektig/advokat. Trygderetten kan gi fri rettshjelp i form av fri sakførsel i di ankesak. Retten til fri rettshjelp i Trygderetten er behovsprøvd. Det inneber at det er stilt opp inntekts- og formuegrenser. I tillegg må Trygderetten finne at advokathjelp er nødvendig i di ankesak. Ein advokat vil kunne orientere nærare om vilkåra.

SAKSKOSTNADER

Dersom vedtaket du har anka over blir endra til din fordel, kan Trygderetten avgjere at din motpart skal betale nødvendige utgifter du har hatt i samband med ankesaka. Dette vil som regel vere utgifter til advokathjelp. Dersom du vinn fram med ein anke, vil du også kunne få dekka nødvendige utgifter i den tidlegare klagesaka. Dette gjeld sjølv om du ikkje har hatt hjelp av advokat i ankesaka for Trygderetten, og vil vere særleg aktuelt for anker over vedtak frå NAV, der klagar blir behandla i eit eige klageorgan før saka kan ankast inn for Trygderetten.