I Trygderetten jobbar me tett på tvers av ulike faggrupper for å treffa dei rette avgjerdene i ankesakene me behandlar. Me har eit sterkt juridisk fagmiljø og jobbar kontinuerleg med intern kompetanseheving.
Her finn du informasjon om dei ulike stillingstypane i Trygderetten og eventuelle stillingar som er lyste ut.
Ein juridisk kyndig rettsmedlem er dommar når Trygderetten behandlar ankesaker. Han administrerer ankesaka og leier den enkelte rett, som består av ein, to, tre eller fem dommar/ar. Vedkomande førebur saka, har kontakt med partane i saka, skriv utkast til rettsavgjerd og innarbeider eventuelle innspel frå meddommar. Ein juridisk kyndig rettsmedlem er dessutan meddommar i ankesaker der det er naudsynt. Det blir stilt krav om at juridisk kyndig rettsmedlem har norsk statsborgarskap og juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap.
Ein medisinsk kyndig rettsmedlem er dommar når Trygderetten behandlar ankesaker. Retten blir i den enkelte sak sett med ein, to, tre eller fem dommar/ar. Medisinsk kyndig rettsmedlem tek del i om lag 40 prosent av sakene. Ein medisinsk kyndig rettsmedlem har eit særleg ansvar for å ta stilling til bevis av medisinsk karakter. Det blir stilt krav om at medisinsk kyndig rettsmedlem har norsk statsborgarskap og autorisasjon som lege i Noreg.
Ein attføringskyndig rettsmedlem er dommar når Trygderetten behandlar ankesaker. Retten blir i den enkelte sak sett med ein, to, tre eller fem dommar/ar. Attføringskyndig rettsmedlem deltek i rundt 14 prosent av sakene. Ein attføringskyndig rettsmedlem har eit særleg ansvar for å ta stilling til bevis av attføringsmessig art. Det blir stilt krav om at attføringskyndig rettsmedlem har norsk statsborgarskap og god innsikt i arbeidsmarknaden og tiltaksapparatet.
Ein rettsfullmektig er jurist med fullmakt til å avseie rettsavgjerder. I likskap med juridisk kyndig rettsmedlem administrerer dei ankesaker og er også meddommarar. Stillinga som rettsfullmektig er ei opplæringsstilling og dekkjer kravet til arbeidspraksis og prosedyre for advokatløyve. Det blir stilt krav om norsk statsborgarskap og juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap.
Administrasjonsavdelinga har ansvar for den administrative drifta av Trygderetten, som personalforvalting, økonomiforvalting, IKT og arkiv- og kontortenester.