Trygderetten har det siste året oppnådd markante forbetringar i saksbehandlingstida. Talet på ubehandla saker er no det lågaste på fleire år, og den gjennomsnittlege behandlingstida er vesentlig redusert – frå sju til fire månader det siste året.  

– Kortare saksbehandlingstid betyr mykje for den enkelte som ventar på avklaring i ein krevjande livssituasjon, seier Trine Fernsjø, leiar for Trygderetten. – Me har jobba systematisk over tid, og det er svært gledeleg å sjå at innsatsen no gir konkrete resultat.

Bak resultata ligg ei rekkje tiltak for å effektivisera arbeidsprosessane – utan at det har gått på bekostning av kvaliteten. Trygderetten har prioritert å sikra god og grundig behandling innan rimeleg tid, noko som styrkjer tilliten til rettssystemet.

– Me ser no tydelege resultat av arbeidet vårt, og me held fram innsatsen for å forbetra oss ytterlegare, seier Fernsjø.

Forvaltning under press
Dei positive endringane skjer samtidig som Sivilombudet har levert ei melding til Stortinget som peikar på store utfordringar i offentleg sektor, mellom anna knytt til lang saksbehandlingstid.

Ifølgje Sivilombudet gjeld omtrent 30 prosent av klagene dei får anten manglande svar eller urimeleg lang behandlingstid. Dette utfordrar rettstryggleiken og fører til rettstap, økonomiske vanskar og tapte moglegheiter.

Trygderettens utvikling viser at det er mogleg å snu ein negativ trend med systematisk innsats over tid.

Arbeid i tråd med nasjonale tilrådingar
Effektivisering av saksbehandlinga i Trygderetten har vore eit prioritert mål, mellom anna som følgje av tilrådingane om tiltak og lovendringar i NOU 2023: 11 – Raskt og riktig – Ein heilskapleg gjennomgang av klage- og ankesystemet i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten. Rapporten understrekar nødvendigheita av raskare og meir målretta saksbehandling i heile offentleg forvaltning. Dette har påverka Trygderettens eiga tilnærming samtidig som følgja av NOU'ein har gitt draghjelp til implementeringa av ei rekkje tiltak for å redusera ventetida utan at kvaliteten på behandlinga går på bekostning av rettstryggleiken. Arbeidet i Trygderetten viser at slike tilrådingar kan omsetjast til praktisk forbetringsarbeid med målbare resultat.

Les òg: Rapporten frå Sivilombudet

timeglass

(Foto: unsplash.com/Yosuke Ota)